kakdesign.net © 2010 • Privacy Policy • Terms of Use

Karin Alice Karlsen

 

• Tilbod »

Smykke og armbånd kr 500,-

 

• Tilbod »

Smykke og armbånd i Anne-serien kr 600,-

 

• Nyhet »

Lange smykker utan lås

 

 

 

 

Smykker i Hematitt - av Karin Alice Karlsen.

 

 

 

Salg av smykker laga av hematitt-stein, krystallar, sølv- og gull-perler i ein kombinasjon som gir eit skinnande resultat. Smykkene er kategorisert under produktfana i 7 seriar. Du kan bestille i andre lengder, fargar og kombinasjonar, dersom du ynskjer det.

 

Namnet på smykkekolleksjonen er Blodsbånd, eit namn eg syns passar godt til bijouteri laga av smykkesteinar som på norsk gjerne blir kalla blodstein. Andre namn på steinen er jernglans og rødjernstein. Namnet hematitt kjem frå det greske ordet "haima" som betyr blod. Hematitt er ein halvedelstein som mange meiner skal ha god effekt på helsa. Steinen representerer handlingskraft og styrke, utholdenhet og selvkontroll, optimisme, vilje og mot. Smykkene vil kjennast litt kalde med det same du heng det rundt halsen, men det tar ikkje lang tid før det blir behagelig å gå med.

 

Steinane i Blodsbånd-kolleksjonen er ikkje magnetiske. Det som heiter frosta hematitt er matte steinar i ein litt dusare farge enn dei som er slipte og skinnande svarte. Steinane og AB-krystallane (Aurora Borealis=Nordlys) er frå Kina. Nokre av produkta har 8mm store krystallar frå Swarovski-fabrikken i Østerrike. Sølvperlene som blir brukte er av 925 sølv, og gullperlene er i ei legering der 1/20 del er 14k gull, noko som gir gjennomfarging i motsetnad til gulldoublè. Mellomperler, låsar, låseringar, oppheng til anheng etc. er i nikkelfritt metall.

 

Smykkene har fått jentenavn og er i kategorisert 7 ulike seriar: Anne-serien, Siv-serien,Gro-serien, Linn-serien, Randi-serien, prinsesse-serien og mørk prinsesse. Dei lange smykkene utan lås er i eit begrensa utval grunna steinens tyngde. Swarovski-krystallane kan skaffast i eit utal flotte fargar. Eg har valgt å bruke ametyst (lilla), mørk indigo (blå) og klar krystall i mine smykker.

 

 

 

 

Velkommen til sida mi

 

Eg lagar smykker i mange variantar. Lange, korte, med og uten anheng, og med ulik glansfaktor. Eg håpar produkta fell i smak. Dersom du ynskjer ein annan lengde eller fargekombinasjon, kan eg ordne det. Under produktfana finn du oversikt over dei ulike smykkeseriane.

 

Informasjon om bestilling, frakt og leveringsstid finn du under kontaktfana.

 

Smykkeliste/bestillig